søndag 12. juli 2009

Med på tur: rotte, prompepulver, barnevernet og ei heilt spesiell bestemor

Våren 1995 underviste eg om barnelitteratur på høgskulen i Volda. På det tidspunktet leika eg litt med tanken på å studere emnet vidare, for det var verkeleg noko som engasjerte meg (eg er redd studentane ikkje var fullt så engasjerte). Vi studerte gamle barnebøker som "Heidi" og tante-bøkene til Elsa Beskow og såg nærare på kva verdiar som vart formidla gjennom slik litteratur. Vi såg dessutan på moglege tolkingar av "Ronja rövardotter" og "Folk og røvere i Kardemomme by" (det var då eg etter ei utgyting om kjønnsrollemønsteret i den sistnemnde boka fekk kommentaren "no he du ødelagt dinna boka for mej"), og vi såg på trendar og tendensar i barnelitteratur, som ofte speglar resten av samfunnet.

Det er kanskje juks å blogge om barnebøker i "årsrekneskapet", men eg kan no nemne litt om dei lydbøkene vi har høyrt på i bilen til og frå Örebro.

For det første er eg veldig glad i "Svein og rotta"-bøkene til Marit Nicolaysen, og denne gongen var rotta Halvorsen med på rafting. Bøkene fortel om vanlege menneske, og innhaldet er temmeleg realistisk. Noko av det mest morosame i boka er at Svein møter ein gut som har ei syster som er hjerneskadd, og han begynner då å behandle veslebroren Magnus betre i tilfelle det er hjerneskadd han er, og ikkje berre dum og med dårleg smak. Terje Strømdahl les på lydbøkene, og han er fantastisk flink.

Når det gjeld Jo Nesbø, må eg seie eg vart skuffa over "Doktor Proktors prompepulver", og det vart ikkje til at eg sette på den andre boka om doktoren. Dette var ei langt mindre realistisk bok, og humoren var mykje i underbukseområdet. Å dumme ut uærlege og griske vaksne er dessutan eit noko forslite motiv.

Årets store positive overrasking var forfattaren Bjørn Ingvaldsen, som mellom anna har skrive "Jada, jada, jada" og "Neivel, da". Også her møter vi ein vanleg kjernefamilie, men der det i tillegg finst ei bestemor som er så forferdeleg at foreldra ikkje vil fortelje Elias om ho er mormor eller farmor. Bestemora kan minne om ein ekstremvariant av Karlson på taket - ho er sjølvsentrert, uærleg, uhøfleg, hemngjerrig og gnien, men vi vaksne les mellom linjene at ho likevel, på sin eigen sære måte, er god på botnen. Eg er usikker på kva føremål slik litteratur kan ha, men bøkene sette i alle fall i gang ein tankeprosess når det gjeld grad av sosialisering versus individualisme.

Den siste boka fekk vi ikkje høyrt ferdig, men den var svært god så langt. Endre Lund Eriksen les sjølv på lydboka "Pitbull-Terje og kampen mot barnevernet", og han les utruleg godt med ulike dialektar og sosiolektar som passar godt på dei ulike karakterane. Handlinga i boka kan minne om ei ungdomsbok frå 1970-talet, med to 13 år gamle "taparar" - den eine med alkoholisert aleinefar og den andre med aleinemor med angst - men stemninga er langt meir optimistisk og løysingsorientert enn den ville ha vore for 30 - 40 år sidan. Gubben har arbeidd mykje i og med barnevernet, og han var spesielt begeistra for forfattaren sin evne til å skrive frå ungdomane sitt perspektiv.

Med det aldersspennet vi har i familien, er det vanskeleg å finne bøker som passar for alle. Etter mitt syn skal ei god barnebok vere underhaldande for vaksne òg, og dei bøkene vi lytta til i år var godt eigna for både store og små. Eg kjem til å kjempe mot DVD-spelar i bilen til siste slutt - kva høve har vi elles til å lese fem-seks bøker saman heile familien?

1 kommentar:

  1. Dette var ei god løysing på bilturar som ikkje er fullt så interessante for born som for vaksne. Vi, som er to gamle, kosar oss med å prate på bilturane og minnest tidlegare reisehendingar som plutselig dukkar opp i minnet.Og sjå på naturen,dvs Nils ser på vegen. Interessant å høyre om nyare barnelitteratur som er nokså ukjent for meg. Eg har ein barnebokforfattar som eg aldri blir lei. Astrid Lindgren fenger både store og små.Men det er godt at nye kjem til.Gode barnebøker skal vere gode for vaksne også.

    SvarSlett