![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjXLxHnMMp8K30RKOj6sPLcail_WFWA28apYqT71uzP2CJimamTueinB_kvlaUyKLuvYHdS6sgMAPrmQxQApAgqOH6PdxaEiG4sJFUeh16VXLpf5vUFK_Y5UhLKBcQAcfJqHLBRDd1yJ-E/s400/Bilde+685.jpg)
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgaphyady-FhpR4EtobpNUL4eYVdT8j1Fssstk02NfGOmxTQspShxxAuZpmAJ4XHO2rzc-3EHzwv0mhpWZSflaQV_Xx6q9GWSUri0H50CaC7VcOw5TZr72y5UxqDLbm_qs3fzap_j0tQv0/s200/Bilde+694.jpg)
I dag skulle gutta til frisør, og då vart freistinga stor til å ta ein skikkeleg tur. Det er i dag ni år sidan vi flytta frå Hareidlandet og inn i fjordbygda, og det hender at vi lengtar attende dit. Ungane og eg enda dermed på Overåsanden i Hjørungavåg, der det var noko kald skoddevind, men likevel fantastisk flott å vere. På heimveg stogga vi hos ortentrovaags og fekk kaffi og sveler - ein meny som passar godt no når det ikkje går ferje lenger!
Takk for besøket! Gartnaren har masa i fleire dagar om sveler. Eg hadde kome så langt som til å kjøpe inn ingrediensane. Hadde vi lese meldinga føe, kan det hende dei hadde vorte etne på stranda. Her vart det kanotur i dag igjen.
SvarSlettDusjsåpa eg sende med deg, var visst ei Olaug hadde fått i gåve for kaninpass......
SvarSlettSkal ta med såpa til Sverige! :)
SvarSlett