søndag 12. juli 2009

Sommaren är kort - det mesta regnar bort...





















































Vi er heime att frå årets familiecamping i Sverige, og som dei andre i familien legg eg ut nokre bilete som stemningsrapport.

Fredag, då vi reiste heimanfrå, kjørte vi nedover i 30 varmegrader og steikande sol. "Tradisjonen tro" fekk vi eit trafikkproblem då eine hjulet/felgen på campingvogna gjekk til Bøvels på Otta, og Gubben fekk litt av ein jobb med å skaffe hjelp. Løysinga låg på Lillehammer, så vi kjørte dit utan vogn, ungane og eg la oss inn på campingplassen og Gubben kjøpte nytt hjul og kjørte attende til Otta for å hente vogna.

Laurdag kom vi til Örebro, der vi møtte det meste av slekta og hadde trivelege dagar i sol og regn. Vi samla oss i Wadköping då Besta, Besten og vi tre søskena var samla, og vi hadde grillkveld saman med Moldensarane. Det vart diverse besøk i badeland, eitt besøk i leikeland og fleire måltid på McDonald's, og vi her i huset er vel samde om at vi hadde det veldig kjekt, sjølv om det vart meir regn enn vi er vane med frå ferieturane våre. I badeland er vêret stabilt og varmt, og små og store fekk ulysta seg når det gjaldt bading.

5 kommentarer:

  1. Takk for sist!
    Skal ein feriere i Norden og vere sikre på å få bade og ha det kjekt, er Örebro staden!
    Som ei oppsummering kan ein seie at ein kunne ha tenkt seg fleire økter på bassengkanten, men ein bytur og ein tur eller to på kjøpesentera, er heller ikkje å forakte. Ungane hadde det kjekt saman!

    SvarSlett
  2. Fire besøk på McDonald's er kanskje i overkant, men det var ikkje så freistande å steike og koke i campingvogna når det var såpass stygt vêr. Den nye skritt-teljaren har fått pes, og eg tvilar på at tretti grader og sol hadde gitt like høgt turtal.

    SvarSlett
  3. Då de var små reiste vi rundt med telt i all slags ver.Mest regn. Generasjonen min ferierte hos besteforeldre eller på hytte i Stigedalen. Så ungane i dag har no eit kjempetilbod, spør du meg.
    Eg hadde eit ønske om endelig å få komme til Ystad, og det fekk eg.

    SvarSlett
  4. Eg ser for meg eit bilde inne i eit telt på 70-talet. Noko anna er pakking av bil. Eg ser for meg eit bilde av ein grøn Escort med grå pose. Kanskje vi skal leite fram gamle campingbilde?
    Eit lite DVD-apropos: Bestemora til Øystein var på kino ein gong. Han meiner ho såg King Kong.

    SvarSlett
  5. Trur mamma hadde vore på kino i sine yngre dagar, men aldri så eg kan hugse.Trur ho hadde sett Snøhvit...Pappa følgde oss og såg Snøhvit(teiknefilm), men han likte best forfilmen"Beverdalen".

    SvarSlett