søndag 9. august 2009

Det blir atter sol og sommer...





Heldigvis kom det ein skikkeleg sommardag medan kusina er på besøk! Vårt sjølvskrivne turmål slike dagar er Brundalen, der det langgrunne vatnet er fantastisk å boltre seg i for store og små. Vel, dei store stod strengt tatt over i dag, for der var ein isande kald vind. Nista vi hadde med, var bollar frå i går. Nok ein god grunn til å bake!

I kveldinga har Gamla klipt plen og sykla med ein hund, Gubben har børsta den andre hunden og no er han og ungane på fisketur.

Nummer 2 vart kjend med ein Labrador på setra i dag, og no vil han gjerne ha det neste gong vi skal ha oss hund. Etter to timar med pelsstell er kanskje Gubben på gli?

2 kommentarer:

  1. "Kan du ikke tale?"
    Var det den figuren du tenkte på då du tok bilde av Eirik og hunden?
    Det var i alle fall fint.Svarte labradorar er ikkje min favoritt, då heller ein golden, slik som Victor?(Sjølv om han er nesten kvit).

    SvarSlett
  2. Eg tenkte i alle fall på figuren då eg såg biletet - det var ikkje eg som tok det. Einig i at Golden retrievarar er finare.

    SvarSlett