lørdag 1. august 2009

Humor og dramatikk?



Eldstejenta hadde med rikeleg seigt kliss frå Danmark, noko dei tre yngste i dag skulle fortære som barne-TV-godt. Midtvegs i haugen fekk gutta eit anfall av humor, og etter "måltidet" felte Nummer 3 ei tann. Gamla kokar alltid kaffi til barne-TV og kosar seg saman med borna, som alltid får meir godteri enn dei sjølve greier å fortære, men eg kan forsikre om at tanngarden min er intakt.

1 kommentar:

  1. Eg har alltid litt panikk når eg et harde og seige karamellar.....

    SvarSlett