tirsdag 18. august 2009

Det er ikkje kvar dag ein sender rundt hasjklumpar når kollegiet er samla...

Dagens høgdepunkt på jobb var eit besøk frå politiet, som kunne fortelje mykje interessant om narkotikabruken i bygdene her. Vi lærarar er kanskje noko naive når det gjeld denne problematikken; vi trur at det finst misbruk, men ikkje at våre elevar er blant dei aktive i miljøet. Eg har vore kursa i symptom på og verknader av ulike narkotiske stoff fleire gonger før, men det er viktig å halde seg oppdatert. Det skjer dessutan ei utvikling innan dette området òg, og det som gjorde sterkast inntrykk, var å høyre om omfanget av bruken. Politimannen som innleidde var godt informert, og han hadde ei fornuftig og temmeleg nøytral haldning til narkotika som fenomen.

Det er ein jungel der ute; farar lurer bak kvart hushjørne - og dette er verda som eg skal sende jenta mi ut i. Ein får berre håpe ho har med seg anna enn sminke og klede i bagasjen når ho reiser herifrå...

2 kommentarer:

  1. Eg stoler fullt ut på at Storejenta har ei god ballast til å møte verda med,og ho skal heldigvis ikkje så langt heimanfrå enno.Det har alltid vore vanskelig å gi slepp på "ungane", men det er nok enda verre no enn før.
    Men ein 16 -åring treng faste reglar og kontroll. Ein er ikkje vaksen når ein er seksten!

    SvarSlett
  2. Eg har kravd fullt innsyn i skulearbeidet (adgang til data-sidene hennar der fråvær og karakterer viser). Innstrammingane kjem etter kvart som det trengst.

    SvarSlett