fredag 14. august 2009

Mamsen og Lillegutt 2


Gamla er strålande nøgd med eigen innsats - her er nysteikt brød, klessnor full av sengeklede og nyvaska hus i tre etasjar. For verkeleg å understreke kosen, tende eg eit par lys . Minstemann, som altså er einebarn i helga, hadde sett seg mett på filmar og teke fram Indiana Jones-legoen sin. Då han såg lysa bli tende, gav dette ny inspirasjon til leiken. Eg vart beden om å slå av alle lampar, for han skulle leike natt i jungelen, og dei to lysa var bål.

No sit eg her i bekmørkna og ser krim på tv, medan guten kjører legotanks med ein pussig motorlyd og skjeller ut nazistar på flytande austlandsk. Litt av ein helgekos!

3 kommentarer:

  1. Det er godt å vere frampå med husarbeid til skulestart. Det kjem vel til å gå i eitt ei tid..

    SvarSlett
  2. Eitt år mygla klesvasken her i huset då husmora plutseleg begynte på jobb etter barselpermisjon...

    SvarSlett
  3. Her gjer veret at klesvasken vert hengande. Berre halvparten vart tørr i dag. Tysdag er det visst meldt ei lysning.

    SvarSlett