onsdag 5. august 2009

"Peppers pizza"?

Nummer 3 er fast bestemt: ho vil bli kokk når ho blir stor. Helst vil ho drive sin eigen pizzarestaurant. Og i fritida skal ho styre med alle hundane sine.

Minstemann har vore litt meir vinglete i yrkesvalet sitt, men i sommar har han vore fast bestemt på å bli postmann i Sverige. I dag var han litt på gli - han vil bli snikkar, ein slik som bygger hus til folk. Og så vil han jobbe som pizzabod på Nummer 3 sin pizzarestaurant, som han forresten skal bygge. Men ho skal vere sjefen, seier han, for då må ho betale han løn.

Nummer 3 er ei tenkjande lita dame, som funderer på kva alt frå kva prisar det er fornuftig å ta på pizzaen til kva namn hundane hennar skal få. Ho har dessutan ingen moralske problem med å kjøpe Grandiosa billeg på Rema 1000 og selje den med ein viss avanse på restauranten sin. Det kan nemleg hende ho får det litt slitsamt med både matlaging, sjefing og hundehald.

Minstemann skal sjølvsagt òg ha hund, og den skal heite Peder. Sjølv vurdere han å skifte namn til Pepper. Ikkje noko dårleg forretningsidé for eit pizzabod!

1 kommentar:

  1. Det er i alle fall tydelig at nr.3 har om lag same draumane som mora ein gong hadde.Og det med hundane vart no meir enn ein draum.Men dei har tid å ombestemme seg nokre gonger.Men det er viktig å ha draumar.

    SvarSlett