fredag 7. august 2009

Bok 47 2009: "Ondskapens hjerte" av Chelsea Cain


Korleis kan ein kriminalroman om ein seriemordar som vart sett i fengsel for to år sidan vere spennande? Eg har tidlegare lansert idéen om at komposisjonen i ein kriminalroman er avgjerande for kor spennande den er, og her finn vi dramatiske parallellhandlingar som går inn i kvarandre og skaper lyst til å lese vidare. Karakterane vert tydeleg etablert, noko som òg er avgjerande dersom ein skal bli engasjert i handlinga. Det blir ein til gagns, sjølv om ein, viss ein skal vere pirkete, kan innvende at slutten blir unødvendig langdryg.

Boka er forfattarens debut som skjønnlitterær forfattar, og den er så ny som frå 2007. Det har seinare kome ei bok til, der ein vil møte att seriemordaren og etterforskaren frå denne boka. Eg er spent på om det er mogleg å halde spenninga oppe, eller om ein går lei av det spente forholdet mellom torturisten og offeret hennar. Uansett kjem eg til å lese den, for dette var krim heilt etter min smak.

3 kommentarer:

  1. Det ser ut som om det er ei papirbok?Virkar interessant. Boka som eg les,har også mange parallellhandlingar, noko som kan vere vanskelig når ein berre har lydbildet å halde seg til. Eg slit litt.

    SvarSlett
  2. Nei, det var som lydbok eg "las" den. Litt forstyrrande med dårleg engelskuttale på somme namn. Eg likte den godt - sånn apropos psykologisk innsikt hos forfattarar, så er dette nokre hakk over Ragde...

    SvarSlett
  3. Hei! :)
    Satt her og søkte på internett etter Chelsea Cain, og kom over bloggen din :) Berre å glede seg til bok nr to! Klarte ikkje å legge ho frå meg. No kjem bok nr tre ut 1. september på engelsk. Tvilar på eg ventar på den norske utgåva.

    Ha ein flott bokhaust!

    Klem frå bokormen Guro :)

    SvarSlett