lørdag 29. august 2009

Feminin føremiddag


Med Nummer 2 på fotballkamp var vi damene i fleirtal - endeleg. Og finst det då ein betre måte å markere dette på enn med muddermaske, hårkur, blogging og nedlasting av musikk? Berre synd vi ikkje kan smile - her gjeld det å halde maska, bokstaveleg tala!

2 kommentarer:

  1. Dei kjekkaste maskene er dei som ein dreg av som ei gammal hud. Dessverre blir det ikkje så ofte maskering her i huset. Og i dag er vi damene i fleirtal her også-det skal ikkje så mykje til!Vi har no vore rundt på dei fleste butikkar i dag. Dei to andre i huset skal ut og fiske no.

    SvarSlett
  2. Eldstejenta lurte Nummer 3 med ei slik "avrivingsmaske" ein gong, og det gløymer den yngste aldri.

    SvarSlett