mandag 14. desember 2009

14. desember: julefest på Folkestad skule


Eitt av høgdepunkta i adventstida er festen på skulen der tre av borna går. Programmet går slag-i-slag med første/andre-klasse først og tiande klasse til slutt. Dei yngste kom inn i Luciatog, noko som skjer kvart år, og så song dei "dyrene i Afrika". Minstemann er ikkje så van med å stå på scenen enno, men det kjem sikkert med tida.


Nummer 3 går i fjerde klasse, og dei hadde eit flott programinnslag med song og dans saman med tredje klasse. Besta kjenner kanskje att gensaren.

Sjette og sjuande klasse spelte julesongar på gitar. Nummer 2 og ein kompis fekk spele melodistemma på el-gitar, medan dei andre hadde kompet. Etterpå hadde sjuande klasse ein dans - heile den klassa er medlemer av ballettskulen!

Tradisjonen er at ein et medbragt mat etter programmet, og så var det trekking av loddbok. Som Polentur-entusiast kjøper eg lodd og kjeks i vilden sky, og i dag vann Nummer 2 sju kilo torskefilet! I motsetnad til dei fleste andre i slekta har eg ein heilt tom frysar som eg no har begynt å samle mat i.

5 kommentarer:

  1. Det var no godt det var torskefilet og ikkje seifilet :-))

    SvarSlett
  2. Visste ikkje at du var interessert i fiskefilet, men vil du ha sei, så har vi meir enn nok.
    Kjekt å sjå bilde frå festen, vi har no vore på nokre av desse festane....Genseren kjende eg att, og den passa fint for ein blånisse.

    SvarSlett
  3. Er meir glad i torsk! Seien taper seg fortare, etter mitt syn.

    SvarSlett
  4. Sei er ein veldig anvendelig fisk, men bør ikkje ligge FOR lenge i frysaren.Eg synest seien er best fordi den har mest smak, men born likar som regel best torsk.

    SvarSlett
  5. I dag fekk eg steikt sei til middag då eg kom heim frå jobb. Det smakte godt etter ein lang arbeidsdag!

    SvarSlett