søndag 6. desember 2009

6. desember: andre søndag i advent


Med fire born i familien er det heilt logisk at dei skal tenne adventslysa kvar sin søndag. Den minste begynner, og så går det slag i slag. I dag var det derfor Nummer 3 sin tur til å tenne lys, men Minstemann syntest det var urettferdig at ikkje han fekk tenne "sitt" lys i dag òg. Han har funne ut at han alltid kjem til å vere den som tenner berre eitt lys, og det nyttar ikkje å seie at han kan få tenne lys andre stader i heimen.


Dagen har elles gått med til skulearbeid for min del - ein slags omvendt julekalender der det kjem inn nye vurderingsoppgåver fleire gonger i veka, og der mykje må vere ferdig før jul.

3 kommentarer:

  1. Det er kjekt så lenge det er konkurranse om lystenning. Her gjorde eg jobben sjølv til slutt. I morgon er det tentamen her, og sidan det er bokmål i 10. og engelsk i 9., får eg to bunkar. Nynorskbunken ligg i sekken. Eg vurderer åm ta tida og fortelje elevane kva arbeid som ligg bak. Dei er oftast berre interessert i karakteren, ikkje kva dei kan lære. Kanskje ein skulle vente med karakteren til etter dei har "retta"?

    SvarSlett
  2. Ja, det var ein god idé. Eg plar rette ei utskrift, deretter ber eg dei gå inn på dokumentet sitt og rette opp rettskrivingsfeila der og så legge det nye dokumentet i mappa si på Fronter. Det er verre med slike feil som "lite konkret" og "få moment".

    SvarSlett
  3. "Mine" sat i alle fall så lenge som dei bør. Slurvearbeid er ikkje kjekt å rette.

    SvarSlett