torsdag 3. desember 2009

Mine arme små

Det går mot jul, også på barneskulen. Minstemann held tydelegvis på å lære seg julesongar, noko eg merka då ordforrådet var utvida med orda "føderom" og "hovedsom". I skingrande sølvguttstil syng han så det ljomar, ispedd korreks: "Mitt hjerte alltid VANKER, det heiter ikkje "banker" men VANKER!"

Apropos korreks: det er ikkje lett å halde maska når guten med høgtid i blikket syng "Elle melle Gud i det høgste"...

4 kommentarer:

  1. Kjære Jesus du som sagde er vel ein klassikar. Han var rett nok snikkar.

    SvarSlett
  2. Sjølv sleit eg med å forstå "mine arme små"...

    SvarSlett
  3. Apropos...har de lese det stykket som heiter noko slikt som "Dei små armane.."-det er skrive og lese på Stavanger-dialekt, men eg hugsar ikkje forfattaren. det er nydelig.
    "Elle melle ...." syng også engelen Ariel i adventsboka til Simon Flem Devold. Las den i si tid til elevane mine.

    SvarSlett
  4. Spørs om nokon har lese den boka til klassa hans òg, då!

    SvarSlett