torsdag 21. januar 2010

Lang dag og langrenn

Dagen i dag har vore i overkant lang og travel, men også givande på mange måtar. I tillegg til den daglege dont har eg vore på ski-shopping og kjøpt nye skøyteski til Nummer 2 og nye turski til meg sjølv. Det blir kjekt å prøve dei ut - eg håpar det blir høve til det allereie på laurdag. Etterpå tok eg med Eldstejenta, Nummer 2 og Kompisen på Viva Volda, der vi igjen prøvde ut "Roma utan sjampinjong" (vår favorittpizza med biff og bernaisesaus). Så var det å kjøre gutta på hip-hop, kjøre Eldstejenta til hybelen og fylle opp koppen min på Statoil før nye tre timar på jobb venta.

Foreldremøte er alltid spennande, og til vanleg også svært givande. Det er spennande å høyre foreldra sin versjon og deira bekymringar, og å kome fram til moglege løysingar og satsingsområde i samarbeid med dei. I hovudet surrar ei linje av Bjørn Eidsvåg: "eg kan leva med deg". Til sjuande og sist er det ungdomane sjølve som må gjere jobben, men vi vaksne kan saman hjelpe dei ved å vere trygge vaksne som legg tilhøva til rette for at dei skal vere glade og samtidig lære.

Eg har verdas beste jobb.

4 kommentarer:

  1. Las nyleg Varsleren av Karin Fossum.Eg meiner den boka inneheld mykje (enkel) visdom både for foreldre og andre som har med barn og ungdom å gjere. Har du lese den?

    SvarSlett
  2. Nei, ikkje enno. Takk for tipset! Akkurat no høyrer eg ei mor-dotter-bok som er delvis interessant. Vent og sjå!

    SvarSlett
  3. Må berre fortelje at eg og har fått meg nye ski. De får vente i spenning om dei dukkar opp på bloggen. Eg truar med å øve meg i myrkna!

    SvarSlett
  4. Eg hugsar enno korleis Wiviann lo då eg gjekk inn mine gamle ski... Då hadde eg ikkje hatt ski på beina på 17 år!

    SvarSlett