mandag 4. januar 2010

Tiddelibom og huttemegtu


Det snør. Masse. Seint i går kveld vurderte eg å gå ut og moke ein siste gong før eg tok kveld, men så tenkte eg at det kunne kome brøytebil i løpet av natta og lage nye kantar. I dag tidleg gav eg ungane strenge og bestemte meldingar om kva dei skulle gjere før bussen kom, og så drog eg på meg Felleskjøp-dress og gjekk for å moke bak bilen. Heldigvis kom ein engel i traktor og skrapa vekk det grøvste. Etter middag var det på ny tid for moking. 9000 skritt har eg gått med snøskuffa i dag! Nummer 3 hjalp til med å grave vekk snø frå under og rundt bilen, medan Minstemann sluntra unna. "Kar du skal," sa den snusfornuftige, og broren svara: "ej skulle berre sta og ta mej en røyk."

3 kommentarer:

  1. Det er bra du skriv blogg slik at ikkje gukorna går tapt for ettertida,

    SvarSlett
  2. Eg gremmer meg over eigne stavefeil. Gukorna skal sjølvsagt vere gullkorna.Små bokstavar på laptopen.

    SvarSlett