søndag 24. januar 2010

Søndagstur i skogsvegen


Dei tre yngste, hundane, Gubben og Gamla gjekk på tur i skogsvegen i dag. På vegen er det lite snø, men nok til at vi kunne bruke akebrett og snøracer på turen. Og så vart det snøballkrig mellom dei to mellomste, medan Minstemann var Iron Man (no også med rosa vantar).

Det er frykteleg moro å la hundane drage akebrettet ein sit på, men i dag måtte Gamla hjelpe til med å drage. Eller jobbe i førevegen. Ikkje rart ho er litt sliten, og lurer på om eine armen er nokre cm lengre enn før...

1 kommentar:

  1. Skulle vore ung og sprek og rulla seg i snøen. Herlig når det ikkje er kaldare enn i dag.
    Har ikkje vore ute for ei dør....enno.

    SvarSlett