søndag 10. januar 2010

Søndag og vinteraktivitetar


I går var dei to mellomste med Gubben på Reset (skitrekk) der han er vakt, og i dag er dei to eldste med. Dei to yngste og eg tok med hundane på sparktur. Oppskrifta er at Gamla joggar framfor sparken, slik at hundane dreg med seg spark og ungar for å nå henne att. God mosjon for nokre av oss, mykje moro for dei andre. Og rikeleg med frisk og kald vinterluft for heile familien.

3 kommentarer:

  1. Pappa gikk tur fram i Nupen f.m. Eg baka 6 brød. Viss det kunne bli LITT mildare kunne eg ta ut sparken. Fint ver for dei som kan og orkar å vere ute.Og fint å sjå ut for dei som er inne.

    SvarSlett
  2. Har de fått sola no? Eg ser fram til at den skal varme huset litt på dagtid...

    SvarSlett
  3. Nei, vi har ikkje fått sola. Det tidligaste vi kan ha den inn i stova er den18.januar, Håkon sin fødselsdag.Men då må det sjølvsagt vere klårver.....

    SvarSlett