onsdag 27. oktober 2010

Bok 56 2010: "Englefall" av Tracy Chevalier

Forfattaren er mest kjend for romanen"Pike med perleøredobb", som eg berre kjenner gjennom filmatiseringa. I "Englefall" fyl vi to familiar i tillegg til nokre gravarar på ein gravplass der familiane møtest. Synsvinkelen skiftar heile tida, noko som vert tydeleg markert ved at namnet på eg-personen vert opplyst. Det tek litt tid før ein "kjenner" dei ulike personane, men då vert det ei fornøyeleg lita bok frå England på byrjinga av 1900-talet. Ingen stor roman, men god underhaldning.

1 kommentar:

  1. Eg likte godt denne boka spesielt for to ting: "Tidskolritten" og komposisjonen.Synest den var ganske fornøyelig, sjølv om hendingane var ganske dramatiske.

    SvarSlett