lørdag 30. oktober 2010

Halloweenfest











For to år sidan sette vi ned ein heksekomité som arrangerte fest på grendahuset for å demme opp mot den utidige skikken med tigging av godteri.I år hadde ungdomslaget kjøpt inn meir lys og ei røykmaskin, i tillegg til mat, drikke og pynt. Noko pynt laga ungane sjølve òg, som nemnt i førre innlegg. Fredag kveld hadde vi først feiring for alle borna frå 18 - 20, der det var matsal, herjing, leikar og piñata. Klokka 20 dempa vi lyset, og aldersgrensa vart heva til 4. klasse. Då vart det disco, skattejakt og fleire leikar. Moroa var over klokka 23. Eg trur bileta talar for seg sjølve - eg synest faktisk det er morosamt å kome i kontakt med mi indre heks, som ikkje er så reint ulik min daglege personlegdom.

2 kommentarer:

  1. Mange skumle typer her, men ser at dei to minste har sminke og ikkje maske-det har vel med temperaturen å gjere? Alle likar å kle seg ut, og ta på seg ein annan personlegdom. Det er frigjerande-ja, rett og slett kreativt.

    SvarSlett