fredag 1. oktober 2010

Ein litt annleis fredag på jobb

Skulen eg arbeider ved fyller 100 år i år, noko som skal markerast stort i veke 45. I dag skulle heile personalet fotograferast, og det var ingen enkel jobb! Mediaeleven som var utskremd i dette høvet, er ein flink kar, men det hjelp lite når ein har med ein slik materie å gjere. Personleg er eg til dømes motstandar av at folk som ikkje er så høge alltid må stå framme saman med rektor og resten av leiinga, som ein "wannabe avdelingsleiar".

Og apropos rektor; i dag hadde vår nye rektor sin første  dag på jobb, noko vi feira med kaker i lunsjen. Han sa nokre velvalde ord, gav blomar til ass rektor som har fungert i stillinga hans og fekk mykje applaus. Vi har store forhåpningar til den nye sjefen.

Dagen elles har vore noko prega av at det er siste dagen før ferien, og eg nyttar høvet til å ønske både kollegaer og elevar ein fin ferie med rikeleg tid til avkopling og kos.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar