fredag 22. oktober 2010

Fredeleg fredag




4H-prosjektet held fram. I kveld gjekk eg tur medan Eldstejenta assisterte Storegut som laga Toro tacogryte. Tilbehør var nachochips, rømme og mais. Då eg kom heim var maten ferdig, og vi kosa oss med mat og X-faktor. Vi heia på Mo, som gjekk vidare denne veka òg. Katten Lola går amok i stova, medan vi andre no har gått over til å bake oreokaker (2 stk) til helgekos.

3 kommentarer:

  1. Det var smaksprøve på Toro Tacogryte på Coop i dag, men eg kunne ikkje smake på grunn av tanngarden.Nils smakte og enda opp med å kjøpe to pakkar. Vi skal no ha det ein dag....

    SvarSlett
  2. Den var ikkje så verst, men i og med at den inneheldt ris, var den ikkje særleg dryg.

    SvarSlett
  3. Fann ikkje særlig mykje ris i den vi hadde i går, ikkje særlig mykje smak heller.

    SvarSlett