onsdag 13. oktober 2010

Tid til alt


Tysdag stakk eg innom Tren før eg for over fjorden og henta Minstemann på SFO. Vi hadde ein koseleg ettermiddag med blomkålsuppe og Iron man, og kosestund om kvelden med Ambjørnsen og ei dinosaurbok. Den tok vi fram att etter at leksene var unnagjorde i dag, og så reiste vi til Volda og Ørsta. Veslejenta skulle på ballett, og vi nytta høvet til ein del shopping. Blant anna fekk ballerinaen ny lue, i ein fin blålilla farge. Medan ho var på dansing, drog eg med ein motvilleg Minstemann på kjolebutikk og kjøpte kjole i same farge som lua. Han var ikkje til særleg stor hjelp som motekonsulent, men verka både utolmodig og uinteressert, som mannfolk flest, når det gjeld viktige val som kva fargar og fasongar ein kan tillate seg å bruke.

Vel heime fekk vi besøk av naboungane, og det vart duplobygging i gangen.

1 kommentar:

  1. Eg var innom Miss B i dag igjen og kika, men der er sannelig ikkje mykje som høver til meg........Har ikkje kjøpt besteklede på fleire år- ikkje at eg treng så mykje av den sorten heller. Den lue/hue-moten er ein god mote, sparer sikkert mange for både øtreverk og det som verre er.Fin farge.

    SvarSlett