onsdag 20. oktober 2010

Snø i hagen, mat i magen


I dag var det snø i hagen då vi stod opp, og etter kvart vart det også nydeleg sol. Vi rakk ikkje å få gjort så mykje før vi reiste til Volda, der Minstemann hadde avtale med tannlegen igjen. Etter det hadde vi eit par timar til overs før ballett-timen til Veslejenta. Det vart nokre dyre timar, for vi dumpa borti "BIG SMILE DAY" på Cubus (= 30% rabatt på alle klede), mange gode tilbod på Europris og diverse meir eller mindre nødvendige småting her og der. I tillegg hadde vi det ærefulle oppdraget å kjøpe snop og pynt til Halloweenfesten.

Storegut hadde reist heim etter skulen, og han fekk i oppdrag å lage middag: ris, bernaisesaus, grønsaker og kalkunkorv. Ungane mine et det meste dersom dei får ris og bernaisesaus til. Gamla stilte som assistent (nesten "sleeping partner"), og resultatet vart veldig bra.

2 kommentarer:

  1. Synest minstemann ser mellomfornøgd ut? Var det ikkje kjekt hos tannlegen i dag? Han forklarte meg at det berre var for vaksne det var låkt å bore! Vi to pensjoane skal til tannlegen fredag i 10-tida.
    Ser du har funne plass til te-boksane.

    SvarSlett
  2. Minstemann var superflink hos tannlegen i dag òg. Og alle var nøgde med maten - uttrykket har meir med moras fotoentusiasme å gjere. Ikkje alle likar å vere motiv. Kokken sjølv flykta heilt. Teboksane passar godt, og er fylte til randa med ulike typar te. Godt til kos på mørke haustkveldar.

    SvarSlett