lørdag 23. oktober 2010

Familietreff på Hareid


Jusstudenten var heimom ein tur, og dermed inviterte Systa på familietreff. Vi feira i tradisjonell stil, med nydeleg og rikeleg mat, i tillegg til hyggeleg prat. Storegut hadde med eit dessertprosjekt for 4H, som eitt av bileta viser. Biletet fekk ein ekstra dimensjon, viste det seg, i og med at det ser ut som om guten fekk valet mellom kake og frukt.

5 kommentarer:

  1. Å, kor eg hatar å sjå bilde av meg sjølv! Og til og med bakfrå. Trur eg må ha meg ei skive å trøste meg med! Gløymde vi boka, eller?

    SvarSlett
  2. Ja, vi gløymde boka. Trur eg la att ei jakke òg. Hovudet virkar ikkje alltid like godt.

    SvarSlett
  3. Ikkje så farlig med boka; som du veit har eg lesestoff. Men viss vi skal treffast i morgon, så går det no for det samme.Vi kan undersøke om tilbodet på skobutikken held seg oppe, slik at du ev.slepp å fare til inga nytte.

    SvarSlett
  4. God plan. Lufta med ungane om nokon av dei trengde nye skor, og de kan no gisse kva svaret var...

    SvarSlett
  5. Ikkje for å ta frå dykk gleda, men det såg ut for meg i MøreNytt at tilbodet var torsdag-laurdag...:-(

    SvarSlett