onsdag 24. august 2011

Første fri-onsdag



Det er sjeldan ein fridag er så kjærkomen som rett etter ein ferie. I dag var eg mest oppteken av at eg skulle få sove litt lenge, sidan eg tre dagar resten av veka må stå opp før klokka seks. Etter frokosten saman med ein snakkesalig Minstemann vart det gjort litt husarbeid, han gjorde unna det meste av leksa for heile veka, eg gjorde unna mykje av mitt skulearbeid og vi fekk kosa oss med kortspel fram til søskena kom heim til middag. Veslejenta skulle eigentleg på fotballtrening med det eine laget ho spelar på, men så vart ho brått med på cup saman med det andre laget i staden. Gutta og eg tok då med oss hundane i skogen - Barnefaren kjørte oss til vegs ende, og så gjekk vi heim. Ein lett tur med mykje nedoverbakke, men naturopplevingane er like fine som når ein stressar seg oppover ein bakke. Vi prata og kosa oss medan vi gjekk, og det vart ei veldig fin stund.

I bloggande stund sit eg og ventar på at vaffeljarnet skal bli varmt. Eg skal lage vaflar til kvelds - mest med tanke på ho som snart er ferdig å spele cup. I morgon skal ho både på ballett og fotballkamp, og Storegut skal spele både gitar og fotball. Kvardagen har begynt, og det er eigentleg deilig å kjenne energinivået stige til nye høgder.

2 kommentarer:

  1. De må berre nyte frionsdagane! varmt og godt i dag.

    SvarSlett
  2. Eg skulle ut og gå tur, men så vart eg ståande å prate med naboen heilt til det begynte å regne. Men eg gjekk likevel-ein bitte liten tur opp i skogen og leita etter villbringebær-fann nokre få som var etande.

    SvarSlett