Dagen etter ein festleg kveld var det fint å ta med ungar og hundar på tur i skogsvegen. Barnefaren heldt seg heime og kokte fårikål til vi kom att, og mat smakar aldri så godt som etter ein tur i frisk luft. I kveldinga blir det skulearbeid og kanskje ein liten tur til, før eg planlegg tidleg retrett for å vere klar for ei ny veke.
I år er eg så heldig at eg har fri dei tre første timane måndag. Fint å kunne planlegge då! Trur eg rekk å rette ei lita lekseprøve også!
SvarSlettEg har fri dei to første på måndagane, men då søv eg litt lenger og tek ein rolegare morgon...
SvarSlettGodt med ein litt roleg start på veka. Søndagen blir i alle fall betre på den måten. Og det du kallar sløvt, kallar eg hyperaktivt.
SvarSlett