søndag 21. august 2011

Bok 63 2011: "Saras nøkkel" av Tatiana de Rosnay

Du skal ha et hjerte av stein hvis du ikke blir berørt av Tatiana de Rosnays roman «Saras nøkkel» (Jorid Mathiassen)
I dette høvet har eg sett filmen før eg las boka, og eg var ein smule skeptisk på grunn av kommentarar frå andre som har lese den tidlegare og sagt at filmen var betre. Som i filmen vekslar ein mellom to parallelle historier; ein eg-person i notida og "jenta" på 1940-talet. Eg-personen nøstar opp historier frå fortida, men ho slit òg med eit skrantande ekteskap og ein gryande graviditet. Historia frå krigen er langt meir original og dramatisk, men ein lever seg likevel inn i kvardagsproblema til eg-personen. 

Eg likte denne boka svært godt. Den er kanskje enkel og lett å lese, men den inneheld noko så sjeldan som ei god historie. Ikkje er den så sentimental som forventa heller. 
Les boka, og sjå filmen!

2 kommentarer:

  1. Dette vert skulebok og skulefilm i 10A!

    SvarSlett
  2. Eg er av dei som likte filmen betre enn boka. Men det kan hende eg var unødig skeptisk, sidan boka er ein "bestseller". Synest historia frå "fortida" fekk for liten plass, for den var den mest spennande.
    Filmen likte eg godt. Den hadde vi på Seniorkino rett før ferien.

    SvarSlett