onsdag 10. august 2011

Bok 59 2011: "Blodleie" av Johan Theorin

Denne tredje boka av Ölandsforfattaren er eit samansurium av ulike historier som vert vevde inn i kvarandre. Temaa er alt frå trivialitetar som skrantande ekteskap og sjukdom i familien til noko så sært som pornoindustri og tru på underjordiske. Mange lause trådar vert nøsta saman, nokre meir forhasta enn andre. Denne boka mangla den rike miljøskildringa frå Öland som kanskje var det mest interessante i dei to førre bøkene, og dei mest interessante karakterane er noko klisjéprega. Eg er ikkje så begeistra.

5 kommentarer:

  1. Enig. Eg gjekk litt lei etter å ha lese dei ganske tett. Måtte sjekke at eg ikkje "lyg":
    http://solveigsiside.blogspot.com/2011/04/bok-18-tredje-i-rekka.html

    SvarSlett
  2. Eg er einig med deg i det du skriv på din blogg, bortsett frå det med etterforskarane. Noko av det eg har likt med bøkene, er at personar kan vere med som meir eller mindre sentrale aktørar i fleire bøker. Eg sakna politikvinna frå førre bok, må eg innrømme.

    SvarSlett
  3. Likte ikkje at pensjonisten så vidt kom seg på beina for å gjere politiarbeid ...

    SvarSlett
  4. Sveriges svar på Miss Marple? Her er mange irriterande innslag, mykje føreseieleg og lettvinte løysingar på dei små temaa. Slutten skal eg ikkje røpe, men den ergra meg djupt.

    SvarSlett
  5. Eg har lese alle tre, og hugsar lite og ingenting. Berre at eg ikkje likte dei noko særlig.

    SvarSlett