Tysdag kveld: Minstemann ville ikkje legge seg. Han hadde somna på sofaen om ettermiddagen, så søvnbehovet var ikkje all verda. Gamla, derimot, sat med tekopp og hyseblikk framfor tv-en og venta på å få ei lita stund aleine før ho la seg. Det såg mørkt ut.
Minstemann stilte seg så opp femten cm frå mora og såg på henne med granskande, lyseblått blikk.
Gamla: "Ka du ser på?"
Minstemann: "Ej ser ette om du he rynke"
Gamla: "He ej det, då?"
Minstemann: "Ja, du he sånne streka rundt augene, men mest når du smila. Og so he du ei her, og ei her (peikar)"
Gamla: "NO E DET LEGGETID"
Minstemann: "No he du ei i panna også, mylla augebryna"
Den guten er smartare enn prinsessa som ingen kunne målbinde.
SvarSlettNo blir det vel innkjøp av botox og restylen(_lan?)-og ka det no heite.
Dei kan få sagt det, men må no le likevel.
SvarSlettSvært bra observert ;-)
SvarSlett