I dag hadde eg planar om å skru ned nokre hyller og rive eit skap på det som skal bli rommet til Eldstejenta. Dette rommet skal anten målast eller tapetserast, alt ettersom. Å måle greier eg aleine, så eg skal prøve det først.
Etter å ha spurt Barnefaren om å få låne hammar og "skruegreier", tilbaud han seg å ta jobben. Eg nekta ikkje, men bad han om å ta bilete som dokumentasjon. Som takk fekk han pannekaker til middag - ein klar onsdagsfavoritt for ungane, men noko forseinka servert i dag på grunn av ein lang prosess med å få på plass ny oppvaskmaskin i heimen. Naboen tok den jobben, og no tek maskina oppvasken så eg kan konsentrere meg om noko eg kan...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar