tirsdag 17. januar 2012

Bok 3 2012: "Over alle verdens makter og myndigheter" av Jack Cavanaugh

Tredje bok i trilogien til Cavanaugh handlar om nokre av dei same personane som vi har møtt i dei to tidlegare bøkene. Dei fleste av dei endar opp i Aust-Berlin, og mykje av handlinga dreiar seg om fluktforsøk over muren mot Vest-Berlin. Mur-tida i Berlin er noko eg godt kunne ha tenkt meg å lese meir om, og ikkje minst skilnadene mellom dei to samfunna og personlege konsekvensar av delinga av Tyskland. Denne boka gav noko innsyn i problematikken, men eg saknar meir faktakunnskap. Etter å ha lese alle tre bøkene, konkluderer eg med at dei var ok, men ikkje akkurat stor litteratur heller. Noko er føreseieleg, komposisjonen er tradisjonell og språket er heilt ordinært. Det er først og fremst temaa som fangar mi interesse, og eg skal prøve å finne betre bøker om Tyskland under og etter krigen ved eit seinare høve.

4 kommentarer:

  1. Det har begynt å bli langt mellom titlar eg ikkje har lese på det lokale folkebiblioteket. I Ørsta er utvalet av uleste bøker større, så eg får ta meg ein tur dit og hamstre snart.

    SvarSlett
  2. Då slit vi med det same. men ein får kanskje utvida sin horisont om ein ikkje får førstevalet t.d. siste Liza Marklund ...

    SvarSlett
  3. Eg er litt lei av krim, kjenner eg, men er veldig glad i historiske bøker og bøker frå andre kulturar. Der er mange bøker eg vil lese, både i det eine og det andre biblioteket, men langt fleire i papir enn i lydbok, sjølvsagt.

    SvarSlett