onsdag 13. november 2013

Fri-onsdag med tannlege og pizza

Fri-onsdagane er kjærkomne, og eg hadde i dag ein avtale med Veslejenta om at ho skulle stiltre seg av garde til bussen klokka 8 utan å vekkje si gamle mor. Det gjekk som planlagt, men så sette alarmen på telefonen til Minstemann i gang med å lage eit svare leven, og eg fekk ikkje stansa den før eg var vaken og oppe av senga. Sjølv sov han glatt eit par timar til, og då hadde mora ete frukost, dusja og sett første del av den tyske krigsserien som ingen av ungane var interesserte i i går kveld.

Etter nokre timar med skule- og husarbeid reiste Minstemann og eg til tettbygde strok, og Veslejenta fekk fri ein time frå skulen for å følgje oss. Eg hadde fått flytta ein tannlegetime slik at dei fekk gå samtidig og eg fekk følgje dei. Effektiv som vanleg.

Etter tannlegetimen hadde vi ein avtale med Storegut om å gå ut og ete pizza, så fekk vi sjå han òg midt i veka.

Illustrasjonsfotoet var det einaste frå seansen som vart nokolunde skarpt, og Minstemann hadde fått ein idé om at han ikkje skulle vere med på biletet. Den som ikkje vil, han skal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar