søndag 24. november 2013

Bok 71 2013: "Tiggerpiken" av Alice Munro

Denne boka er omtala som ei novellesamling, men alle novellene handlar om Rose og hennar næraste vener og familie. Stemora Flo er mest sentral av desse, og forholdet mellom dei to kvinnene er både interessant og gripande. Handlinga er lagt til ein småby i Canada, og karakterane er svært levande skildra.

Dette er den andre boka eg les av nobelprisvinnaren, og eg likte den svært mykje betre enn den førre eg las.

2 kommentarer:

  1. Tittelen gav meg assosiasjonar til mindre seriøs litteratur.

    SvarSlett
  2. Ingen fare, den er noko misvisande. Originaltittelen er betre: "Who do you think you are?"

    SvarSlett