lørdag 30. november 2013

Jul ute, jul inne...

Vi pyntar til advent. Ute. Det må fire personar og mange leidningar til for å få det slik vi vil ha det, med juletrelys i to tre, "granbar" med lys på verandarekkverket og litt anna pjask. Nytt av året er mangefarga, blinkande lys i "Harry Potter"-bjørka vår, og då er Eldstemann god å ha. Spesielt stilfullt blir det ikkje, men her i huset er det lov å ha glorete smak - i alle fall i jula.

2 kommentarer:

  1. Julepynt har aldri vore spesielt stilig, og skal heller ikkje vere det- etter mi meining. Julepynten skal gi oss lys og farge og glede i ei mørk tid.

    SvarSlett
  2. Heilt eigig! Og når ein bur i ein mørk skog, kan ein tillate seg litt tivolieffektar.

    SvarSlett