mandag 4. november 2013

Personaltur til Barcelona

Torsdag reiste 63 tilsette frå arbeidsplassen min til Barcelona. Der fekk vi mellom anna sjå utsikta frå Montjuïc, høyre eit interessant foredrag om Spania av ein hollandsk historieprofessor og ha eit par  felles måltid, i tillegg til sjølvvalde aktivitetar. Eg valde å bli med til Park Güell og Tibidabo, i tillegg til ei fantastisk lærerik utflukt til La Sagrada Familia, med ein guide som hadde mykje interessant kunnskap og som formidla denne kunnskapen på ein framifrå måte. Det vart dessutan litt tid til å vandre rundt i byen på eiga hand, og det er verkeleg ein by som har mykje å by på. Vi har hatt mykje moro både på dag- og kveldstid, og eg har fått lyst til å sjå meir av Spania og å lære meg litt spansk.
Utsikt frå Montjuïc

Hotellrommet mitt på Mont Blanc

Restauranten Els 4Gats, der Picasso teikna menyen

Park Güell

Park Güell

Park Güell

Park Güell

Park Güell

Legg til bildetekst

Tibidabo
Utsida av La Sagrada Familia, den mest vitja bygningen i Spania. Skal stå ferdig i 2026.

La Sagrada Familia

La Sagrada Familia

Santa Maria del Mar

Santa Maria del Mar

Santa Maria del Mar

3 kommentarer:

  1. Flotte bilde! Nok ein stad ein får sette på ønskelista!

    SvarSlett
  2. Flotte bilde!
    Vi var der nettopp, budde til og med på Mont Blanc, og så mange av dei samme tinga. Flott by som vi gjerne vil sjå endå meir av.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig at de til og med budde på same hotell! Det var forresten eit fint, nytt hotell med ein triveleg pianobar ved inngangen. Kan anbefalast!

      Slett