onsdag 11. desember 2013

Bok 74 2013: "Dette er mine gamle dager" av Tore Renberg

I dei tidlegare bøkene om Jarle Klepp har vi fått lære ein del om korleis det var for han å vekse opp med ein alkoholisert far. I denne boka har Jarle blitt 38 år, lærar og tobarnsfar, og han opplever noko som gjer at han begynner å tenkje mykje på sin eigen oppvekst. Det er mykje vondt og bittert i desse minna, og det står i skarp kontrast til det gode livet Jarle Klepp no lever. Boka vert derfor utruleg rørande og vakker, midt i alt elendet.

Eg lytta til lydboka, der forfattaren sjølv les på Stavangerdialekt. Det gav leseopplevinga eit ekstra autentisk preg. Heile serien er vel verd å lese.

2 kommentarer:

  1. Trudde eg hadde lese alle bøkene om Jarle Klepp. Men denne har eg til gode. BRA!

    SvarSlett