søndag 12. januar 2014

Bok 2 2014: "Menneskefluene" av Hans Olav Lahlum

Eg er begeistra for Lahlum som type, og har sett intervju med han og beundra entusiasmen og kunnskapen bak nerde-imaget med stor glede. Romanen eg no har lese er hans debut som kriminalforfattar, og den var veldig underhaldande og kjekk å lese. Handlinga er lagd til 1968, og forhistoria til andre verdskrig. Språket understrekar det autentisk gamalmodige, og sjølve historia er klassisk i den tydinga at det er eit mysterium med få aktuelle mistenkte.

Problemet med å vere røynd kriminallitteratur-lesar er at ein ser med det same kven mordaren er - dette er noko av grunnen til at eg nesten har slutta å lese krim. Der er så mange klisjéar i sjangeren, og Lahlum nyttar nokre av desse. Likevel var dette god underhaldning, og eg kjem truleg til å lese fleire av bøkene hans. La meg likevel legge til at etterordet der han fortel om "gamaltanta" si, var det eg syntest var mest spennande i heile boka.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese boka, og gløymt den. Det er likar med bøkene hans, er å sjå kor godt han meistrar det autentiske. EG som var vaksen i 60-åra har faktisk ikkje funne "feil". Og det er litt artig for meg som vaks opp med Agatha Christie bøker av denne typen. Moderne krim/politiromanar blir for "tekniske", der er det mobilar, data, og DNA som skal løyse gåta, ikkje "dei små grå".Og DET er eg lei av.

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt einig. Eg skal lese fleire av bøkene hans berre på grunn av det klassiske elementet.

      Slett