søndag 5. januar 2014

Sov du vesle spire ung

Det blir lite fotografering for tida. Naturen er fargelaus, og det blir tidleg mørkt. Eitt av nyttårsforsetta mine er å kome i betre form, så eg er flink til å gå tur, med og utan lånt hund og/eller anna følgje. I dag gjekk eg dessutan ein runde i hagen, der tulipanløkane vi sette i haust har begynt å spire. Eg fryktar at naturen misforstår mildvêret, for det kjem truleg kulde etter dette vårlege vêret- Sjølv set eg pris på milde dagar utan snø og frost, sjølv om det gjer utelivet litt mindre inspirerande. Uteliv i form av moking og skraping av bilruter kan eg godt klare meg utan.

1 kommentar:

  1. Det går heilt sikkert bra med tulipanane. Sjølv ser eg frisk timian, salvie og persille i urtebedet. Men det er mørkt når ein lagar middag. Ein får håpe på snø før frost.

    SvarSlett