lørdag 18. januar 2014

Bok 4 2014: "Barfotdronningen" av Ildefonso Falcones

Falcones skriv denne gongen ei bok om ei frigitt slavekvinne frå Cuba som blir ein del av sigøynarmiljøet i Spania. Handlinga er lagd til 1700-talet, og ein får mykje historisk kunnskap gjennom lesinga. Sjølve forteljinga inneheld både vald, kjærleik og erotikk, og det er til tider svært spennande lesing. Hovudproblemet mitt er at boka er for lang (21 cd-ar, nesten 27 timar lydbok). Eg greier ikkje å bli fanga av historia lenge nok, men går noko lei undervegs. Om det er forfattaren eller lesaren si skuld, veit eg ikkje, men eg har høyrt andre seie det same.

1 kommentar:

  1. Den vart i alle fall for langdryg for meg. Som du seier er det mykje interessant historisk stoff. Men så er her altfor mykje "fyllstoff" innimellom. Fekk lyst å ta fram "lærarblyanten" min og STRYKE. Eg synest boka var veldig ujamn, best som handlinga gjekk for full fart framover og det vart spennande, så kom det litt for mange "fartshumpar".

    SvarSlett