torsdag 23. januar 2014

Bok 7 2014: "Katakombens hemmelighet" av Tom Egeland

Ein komet er på veg mot jorda, noko som vil føre til verdas undergang. Samtidig fyl 14 år gamle Robert mor si på jobb som arkeolog i Lærdal noko som igjen fører dei til vidare oppdrag i Roma. Spennande ting skjer, både realistiske og meir overnaturlege.

Boka kan minne om bøkene til Dan Brown, men i ei svært mykje enklare form. Eg likte ikkje "Lucifers evangelium" av same forfattar, for eg likar at ei krimbok er tvers gjennom realistisk. Denne ungdomsboka fungerer betre, og eg vil tru at ein ungdom på hovudpersonens alder vil kunne like den. Kan hende vil den fengje ungdom i vidaregåande òg, men eg trur den blir noko i enklaste laget for røynde lesarar. Spesielt ordforklaringane undervegs kan verke noko overdrive for nokre, men det kan fungere godt for ein yngre eller mindre røynd lesar.

Alt i alt er dette ei spennande eventyrbok som er lett å lese for dei som er glade i det okkulte og overnaturlege. Miljøet elles er noko dei unge vil kjenne seg att i, for her er både laptopar, iphonar og andre moderne hjelpemiddel tekne i bruk. Eg ville helst ha klart meg utan dei overnaturlege elementa, men skjønar at dette er noko ein kan forvente i Egelands bøker.

2 kommentarer:

  1. Noko å tvangslese til 9.ande? Eg såg den låg på skulebiblioteket. Kanskje dei som vil like den, er dei som ikkje gidd å lese den?

    SvarSlett
  2. Ja, der er noko av problemet. Sjangeren passar best for dei som likar meir kompliserte bøker, trur eg.

    SvarSlett