Onsdag og torsdag var eg på arbeidsgivarpolitisk konferanse i Ålesund saman med nesten 300 andre representantar for leiarar, tillitsvalde og verneombod i fylkeskommunen. Vi fekk mellom anna høyre tre interessante og engasjerande foredrag:
- Inge Eidsvåg: "Ti bud for oss som arbeider med mennesker". Ei viktig påminning om kjernen i verksemda vår, med hovudfokus på menneskesyn og møte med medmenneske.
- Sjur Dagestad: "Innovasjon og nyskaping". Humoristisk og tankevekkjande om kva som skal til og kva som kan hindre prosjekt i å lukkast.
- Ståle Einarsen: "Systematisk arbeid med arbeidsmiljøutfordringar". Svært nyttig og lærerikt om arbeidsliv, leiing og konflikthandtering.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar