fredag 7. mars 2014

Pastasalat

Eg synest taco er godt, men av og til kan ein få lyst på noko anna som fredagsmat. I dag laga eg pastasalat med det som alle likar nedi, og det som få likar i eigne skåler. Eg laga dessutan salaten utan rømmedressing, men serverte rømme som tilleggsingrediens. I staden brukte eg noko av oljen på fetaosten som "smurning" i salaten.

I salaten putta eg:
  1. kokt og avkjølt pasta (ein pakke på 500 gram)
  2. 1 stk raud paprika
  3. 1/2 agurk
  4. 1 isbergsalat
  5. 1 blomkålhovud
  6. 1 glas fetaost i olje + ein del av oljen (med krydder i)
  7. 1 pk grilla "salatkylling" i bitar
Attåt kom skåler med tomat, mais og ananas, i tillegg til oliven og rømme.

Lettvint, godt og kanskje litt sunnare enn taco? Og det beste av alt: vi har restar!

2 kommentarer:

  1. Eg og serverer rømmen til! Hardkokte egg i båtar ligg ofte i skål ved sida av også. Kvar sin smak, så lurt å ta ut det ikkje alle vil ha!

    SvarSlett
  2. Ja, det er ein fin måte å få i ungane ekstra grønsaker på òg. Eigentleg ville eg ikkje ha isbergsalat i, for det gjer at salaten ikkje står seg så lenge (det vart ikkje noko problem). Eg ser elles at eg godt kunne hatt meir kjøt i, eller mindre pasta.

    SvarSlett