fredag 25. november 2016

Oppdatering

Dette må vere ny rekord i manglande blogging frå mi side - eg har ikkje lese ferdig ei einaste bok, eingong, og eg har hatt frykteleg mykje å tenkje på.

For det første har pappa vore innlagd på sjukehus. Besta har blogga om sjukdomen, så dei som vil lese meir om det, bør gå til hennar blogg. Vi er einige om at ho legg ut informasjon til slekt og vener der, så slepp ho gjenta seg sjølv i telefonen.

Jobben er som vanleg hektisk på denne tida av året, med prøver og tentamenar i haug og dunge. No har eg i tillegg vore eit par dagar med kurs med Utdanningsforbundet, dermed gjekk eg glipp av eit par politiske møte. Slik går det når ein stikk nasen sin bort i alt mogleg.

I neste veke skal eg ha levert inn andreutkast til eksamensarbeidet mitt, og i kveld fekk eg tid og høve til å kome inn i "bobla" som må til for å konsentrere seg om denslags. Eg skriv om litterær kanon, lesemåtar og tekstpresentasjon i tre norskbøker frå 2005, 2007 og 2014, med vekt på tekstar frå 1800-talet. Det er langt meir interessant enn ein skulle tru, og tida flyg når ein først er komen i gang.

Var det nokon som sa noko om julestemning? Ikkje her i heimen, i alle fall. Eg skal prøve å få kjøpt nokre lys og leita fram adventstaken på søndag - elles blir det verken kokt eller baka, og julehandelen er sett på vent til etter neste helg. Minst.

Elles er det lenge sidan eg har lese ferdig ei bok, mykje fordi eg held på med to skikkeleg lange lydbøker (ei inne og ei anna i bilen). Begge går mot slutten no, så det kan bli fleire blogginlegg om ikkje så lenge.

2 kommentarer:

  1. Det høyrest veldig interessant ut det studiet! Det er tydeleg at du er i din beste alder, med overskot og ståpåvilje. Men brenn deg ikkje ut....

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, der er ein viss fare for det, noko eg merka etter eksamen i vår. Tusen takk, forresten :)

      Slett