Eg prøvde først å høyre den engelske lydboka, men då eg fekk den norske versjonen i hende, gjekk eg over til å høyre den i staden.
Boka handlar om ein familie med åtte born som ferierer på øya Skye saman med nokre vaksne vener av familien. I starten handlar boka om små pg store hendingar, tankar og trivialitetar, men så får handlinga ei uventa vending.
Boka er ein klassikar, og den har absolutt sine kvalitetar. Den er veldig visuell, og eg ser føre meg ei filmatisering som eg ikkje veit om finst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar