lørdag 30. mars 2019

Oppdatering

Det har gått over ei veke sidan eg blogga sist, så eg tillet meg å oppsummere den daglege donten i dagane som har vore.

Fredag 22. mars: Ungdomsskulen på Folkestad hadde musikal. Minstemann hadde rolla som Jan Eggum, som på mirakuløst vis og ved hjelp av magi og pengar hjalp hovudpersonane ut av diverse kniper.

Laurdag 23. mars: Korpset spelte på 12-konsert i Volda kyrkje. Det var veldig fint å høyre på, og både Minstemann og Veslejenta deltok. Etterpå tok eg med Minstemann til frisør, for "Jan Eggum"-sveisen var noko raggete.



Søndag 24. mars: Basar på Folkestad. Korpset og Migraine spelte, eg hadde baka, smurt og kjøpt gevinstar.

Måndag: Gruppemøte. Viktige og vanskelege saker vart debatterte.

Tysdag: Folkemøte i Volda, der temaet var kommuneøkonomi.

Onsdag: Årsmøte i Utdanningsforbundet. Lokallaga i Hornindal og Volda vart nedlagde, for så å gjenoppstå som eit nytt, samla lokallag. Eg er framleis vara til styret, som representant for vidaregåande.

Torsdag: Kommunestyremøte. Vi vedtok å legge ned ein barneskule i Volda sentrum, men òg å bygge ny ungdomsskule der. Mange er skuffa over nedlegginga, men det politiske fleirtalet såg desse to sakene i samanheng.

Helg: Elendig vêr med tanke på uteliv, men godt mastervêr. Eg held på å skrive metodedelen til oppgåva mi, og det er slett ikkje lett. Talet i dag er 29800, og eg er over minimumskravet. Det er ikkje dermed sagt at oppgåva er ferdig, men eg har snart grovkladden klar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar