fredag 11. oktober 2013

Sightseeing i Kristiansand

Eg budde i Kristiansand 1988 - 1990, og studerte ved det som då var Agder Distriktshøyskole. Mykje er endra i byen sidan då, men forbausande mykje er akkurat likt. I ettermiddag "labba" jentene og eg rundt i byen, og sanneleg fekk eg fletta inn litt litteraturhistorie òg.

Festningsgata sett frå strandpromenaden

Christianborg festning

Camilla Wergeland vart fødd i Kristiansand for 200 år sidan


Christian IV

Salongen til Hybelverten

I Wergelandsparken




Pasta Jambalaya frå "Herlig Land"

Æ har labba ront på Hånes, og her æ gruelig vakkårt!

Garasje tilpassa byggestilen på huset?




Til sals...


Sørlandsfunkis? Ikkje etter min smak



Så vakkert å vandre i ein eikeskog



Utsikt mot Varoddbrua



Lind

Lønn

Huset der jentene residerer

torsdag 10. oktober 2013

Ragnarok og kebab





I dag stakk vi innom McDonald's og kjøpte donuts og smoothies før vi gjekk på kino og såg "Gåten Ragnarok". Det er ein av dei dårlegaste filmane eg har sett på lenge, i alle fall når det gjeld historia, som var føreseieleg og syltynn. Artig og underhaldande var det, men nesten parodisk til tider.

Etter filmen gjekk vi på Egon og åt kyllingkebab. Det er eit mål for meg å få i jentene mykje mat, la dei få bli kjende i byen og kose seg maksimalt.

onsdag 9. oktober 2013

Patricks

I dag vart eg med jentene på skulen, der eg fekk vere testperson for ryggbehandling med massasje. Etterpå for vi inn til byen for å ete middag. Denne gongen vart det den irske puben "Patricks", der dei serverer nydelege, heimelaga hamburgarar. Interiøret er veldig triveleg, med blant anna mengder av Tiffany-lampar, bilete og plakatar som skal føre tankane til den grøne øya.

I bloggande stund sit jentene og øver til ei prøve dei skal ha i morgon, og dei diskuterer alt frå laga i huda til hudproblem som hudormar og sprengde blodkar.




tirsdag 8. oktober 2013

Herlig Land

Tysdag tok eg turen nedover til det blide Sørland, for å besøke Eldstejenta og Venninna. Der fekk eg vere med dei på ballett-undervisning for ungar i femårsalderen, før vi tok bussen til byen og inntok ein god club sandwich-middag på "Herlig Land". Eldstejenta vart nesten nekta alkoholservering fordi ho hadde gløymt legitimasjon, men det gjekk bra til slutt.

mandag 7. oktober 2013

Bok 62 2013: "Disse øyeblikk" av Herbjørg Wassmo

Dette er kort fortalt historia om ei kvinne som får born, giftar seg, skil seg og blir forfattar. Boka er noko klisjéprega og føreseieleg, og eg har ikkje funne den særleg interessant, må eg innrømme. Det heile blir trivielt og lite engasjerande, noko som ikkje akkurat har vore inntrykket eg har site att med når eg tidlegare har lese bøker av same forfattar.

søndag 6. oktober 2013

Regn og ruskevêr

Søndagen kom med vind og regn, og vi hadde ein særs lat føremiddag i heimen. Det vart berre ein liten tur ned i ballbingen for å få frisk luft og dermed opparbeide appetitt til middag.

Storegut får velje middag når han er heime, og laurdag ville han ha tacos. Eg steikjer som regel opp dobbel porsjon med kjøtdeig når vi har tacos, slik at eg kan lage pizza eller nachos dagen etter. I dag blir det derfor ein enkel tex-mex-middag med omnssteikt nachos og salat frå laurdag kveld.

lørdag 5. oktober 2013

Laurdag på Leikong

Veslejenta og resten av Jenter 12 på Folkestad skulle i dag spele sesongens siste kamp på Leikong, og gutane og eg vart like godt med ut som heiagjeng. Det var mange menneske ved stadion, for det var offisiell opning av den nye kunstgrasbana med fleire arrangement og flott matservering. Det er første gong eg har vore på ein fotballkamp der dei selde grillspyd, til dømes. I tillegg vart det servert marsipankake forma som ei fotballbane. Det ville ikkje ha blitt så god stemning dersom Folkestad hadde vunne kampen, så heimelaget "GT" fekk kome ut av kampen med æra i behald og ein siger med måldifferansen 4 - 1.

fredag 4. oktober 2013

Arbeidsveka kort oppsummert

På jobb:
  • Gjennomgang av det moderne gjennombrotet i norsk litteraturhistorie
  • Gruppearbeid med veggaviser om ulike engelsktalande land
  • Huskonsert der mellom andre Storegut og Lommerosk deltok
  • Kveldsmøte med opplæring i bruk av språklab
  • Elevsamtalar
  • Drøftingsmøte
  • Arbeid med fordjupingsemne i norsk
  • Vikartimar
  • Viste filmen "History Boys"
  • Tekstar og oppgåver som omhandla jobbsøknader og jobbintervju i engelsk

Mor og dotter på boklansering

Minstemann på boklansering, iført slips med "Elredge knot"
 På privaten:
  • Ballett-køyring og besøk i Ørsta
  • Boklansering i Ulsteinvik
  • Passing av hund
 Og vips, så var det fredag, og Minstemann og eg dumpar ned i kvar vår stol medan Veslejenta er på 4H. Eg tok meg ein tur på café med ei kollegavenninne etter jobb, sånn for å markere starten på haustferien, og i mellomtida hadde ungane selt kalendrar og klappa sauer i nabolaget. Eg er sørgjeleg slapp og sliten, men håpar på meir energi når det går opp for meg at eg har ferie.

Ha ein fin haustferie dei av dykk som har denslags luksus!