fredag 21. mars 2008

Langtur på langfredag


I og med at meldingane var bra, vart det tur innover til Movatnet i dag. Nummer 2 og 1 gjekk først, deretter Gubben med to bikkjer framme og ein pulk med nummer 4 i, og til slutt nummer 3 og Gamla. Vi hadde ein slik tur i påska i fjor òg, med like strålande sol, og det er berre fantastisk. Skikkeleg påskeklisjé, kanskje, men dog. Minigrillen kom fram, så det var svarte pølser på menyen i dag òg. Vi brukte 2 1/2 time inn til vatnet, og dei fremste brukte 55 minutt ned att. Eller for å seie det litt annleis: 7000 skritt inn til vatnet, og 2000 ned att.

4 kommentarer:

  1. Ja, i dag var vi glade for snøen..
    Vinden øydela litt.

    SvarSlett
  2. Det stilna i 3-tida på Stigedalen. Då hadde vi ete opp nista og skulle renne nedover, mot sola. Utruleg deilig.

    SvarSlett
  3. Kjekt at de kjem dykk ut i sola og fineveret. EG er heilt misunnelig, sjølvsagt.Her er det berre "gutane" som har vore ute for døra.

    SvarSlett
  4. det var litt forskjell med 2000 og 7000 skritt!

    SvarSlett