tirsdag 15. april 2008

"Terbovens liste" nummer 8 på lista


Eirik Wekre er eit nytt namn for meg, og dette var visst hans andre roman, frå 2006, og eg kjøpte den i affekt då dei hadde tre bøker for 100 kroner på NotaBene ein gong i 2007. Eg likar godt krim, og eg er interessert i andre verdskrig - spesielt i desse hakekors-banner-tider - men boka greip meg ikkje før i går kveld, då det nærma seg slutten. Først låg eg vaken og las til langt på natt, og så var det å stå opp klokka 6, slik eg vanlegvis gjer, og lese resten til frukost. Framleis ikkje imponert av boka, men den kan ikkje ha vore så dårleg heller, sidan det var så lett å stå opp i dag.

1 kommentar:

  1. Eg kjenner ikkje denne forfattaren. Ikkje er eg spesielt interessert i 2. verdskrigen heller, og krim er eg begynt å bli mektig overmett av. Men der er unntak! No er eg begynt på den andre boka i Milleniumserien til Stieg Larsson, har stått på venteliste ei god stund.Har sett meg på vent til nummer tre også.

    SvarSlett