tirsdag 8. april 2008

Ut i naturen


I kveld var resten av gjengen på korps, og minstemann sov på sofaen etter ein travel dag med verking i foten og påfølgjande legetime. Tv'en stod på, og tilfeldigvis kom det eit lengre innslag frå Solund på programmet "Ut i naturen" - eit program som eg likar godt, men sjeldan ser. I programmet vart det hevda noko som eg har meint lenge; fjordane i Noreg har fått mykje merksemd, men det er minst like fint på øyane der fjordane kjem ut til havet. Då innslaget var slutt, vakna minstemann og kom på at vi hadde vore på Nille og kjøpt verktøy til kroner 5,-, spikar og arbeidshanskar. Då måtte Gamla hive seg rundt, få på oss begge tjukt med klede og gå opp til "jakthytta". Derifrå har vi utsikt utover mot vest, og eg såg at det var ein nydeleg solnedgang ute i øyane.

2 kommentarer:

  1. Såg også det programmet og var så samd med "globetrottaren" i mykje av det han sa.Det ergra meg at Nils var på møte og ikkje fekk sjå det. Men så gjekk eg inn på TV-programmet på data og fann ut at det gikk i reprise seinare på kvelden, så då såg vi det begge.Flott program.

    SvarSlett
  2. Eg er også glad i opne landskap og lukt av saltsjø. Gjekk dessverre glipp av programmet i går, var vel ute, men det ligg vel på NRK.

    SvarSlett