lørdag 19. april 2008

Bok nummer 9: "Nobels testamente"


Eg er utruleg glad i krim, både på TV og i bøker. På grunn av små barn og klaustrofobi ved bruk av øyreproppar har eg aldri heilt kome i gang med lydbøker, slik fleire andre eg kjenner har gjort. Lesinga på senga blir for lite, så i dei siste dagane har eg teke med bok på ferja, og så fekk eg ei fin økt med lesing då det var heildagsprøve torsdag. I dag skein sola så fint, og eg fekk eit par timar i solveggen så eg fekk avslutta "Nobels testamente" av Liza Marklund. Ho er ein absolutt favoritt, og denne boka var ikkje noko unntak. Heldigvis har eg den neste i serien liggande på nattbordet. Kor tidleg går det an å legge seg, eigentleg?

3 kommentarer:

  1. Eg les Marklund no. Eg begynte i feil ende, så no held eg på med Den røde vargen. Ho har blitt min krimfavoritt. Mustafa Can les eg som papirbok langsmed. Tankevekkande!

    SvarSlett
  2. Ja, Marklund er bra. Sjølv les eg bok nr. to i Milleniumserien til Stieg Larsson. Det er lange ventelister på dei bøkene på biblio.Sjølve bøkene er lange også, denne er på 17 CD-ar. Men kjedelig er det ikkje.

    SvarSlett
  3. Her hadde dei fått inn att den 1. Det betyr vel at den ikkje er på venteliste lenger. Stieg Larson er i ei klasse for seg.

    SvarSlett